Ordføraren ut og beklagar facebook-innlegg

DEL

Ordførar Peder Sjo Slettebø går no ut og beklagar ein facebook-status han la ut etter kommunestyremøtet for snart to veker sidan.

I pressemeldinga heiter det:

«I etterkant av kommunestyret sitt vedtak om sluttavtalen til rådmannen valde eg å legga ut mi oppsummering av saka på Facebook. Eg har ofte nytta Facebook til å både informera men også komma i kontakt med innbyggarane i kommunen. Det tenkte eg var viktig i ei sak som var kontroversiell, og som var mykje omtala den siste tida.

Min intensjon med innlegget var utelukkande å gjera greie for saka slik eg såg den, og prøva å gjera greie for dei ulike synspunkta som var. Eg har fått tilbakemelding på at einskilde personar og politiske parti kjenner seg urettvist omtala i innlegget. Det har ikkje vore min intensjon. Når fleire likevel føler seg urettvist omtala i eit slikt innlegg må eg ta det på alvor, uansett kor gode intensjonar eg hadde med å gjera greie for saka.

Eg vil difor no beklaga dei delene av innlegget der personar og politiske parti kjenner seg ufordelaktig omtala. Det er eg lei meg for, og eg håpar orsakinga vert akseptert.»

Eg står inne for dei vurderingane eg gjorde i saka. Eg står også inne for at eg ope har skrive om det eg meiner var problematisk i saka, men eg orsakar at fleire er blitt såra av det. Det burde ikkje skjedd, og som ordførar burde eg unngå det. Eg tek sjøvkritikk for det og vil ta lærdom av det i ettertid.

Eg vonar vi no er ferdige med ei krevjande sak, og kan halda fram det gode samarbeidet i kommunestyret som denne perioden har gitt resultat i form av mange positive prosjekt for Kvinnherad. Alle parti fortener ros for det, og det ynskjer eg skal halda fram. Som ordførar frå det største partiet i kommunestyret har eg eit særskild ansvar for å legga til rette for eit godt samarbeid, og eg ser at det difor er naudsynt å be om orsaking for nokre av orda som fall i denne prosessen.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags