«Reiselivet i Vestland er framleis ikkje tilbake etter pandemien, og 2022-sesongen har generelt sett vore dårleg. Grunnen er både dårleg sommarvêr på Vestlandet og framleis få gjester frå utlandet samanlikna med åra før pandemien».

Det skriv Vestland fylkeskommune på heimesida si, og melder med det om at Hovudutval for næring har løyvd midlar til sju destinasjonsselskap. 

– Det er viktig å støtta opp om reiselivsbedriftene og oppretthalda aktivitet framover for å sikra utvikling av reiselivet i Vestland. Her har destinasjonsselskapa ei viktig rolle. Dei arbeider tett med reiselivsbedriftene, kommunane, landsdelsselskapet Fjord Norge og andre næringsaktørar med både marknadsføring og destinasjonsutvikling, uttalar Tor André Ljosland, leiar for hovudutval for næring, i artikkelen på fylkeskommunen si heimeside.

Slik blir midlane til destinasjonsselskapa fordelt i 2023: 

Visit Bergen 1.000.000 kroner

Visit Sunnhordland 550.000 kroner

Visit Hardangerfjord 560.000 kroner

Visit Voss 500.000 kroner

Visit Sognefjord 660.000 kroner

Visit Nordfjord 610.000 kroner

Visit Fjordkysten og Sunnfjord 620.000 kroner

Kvinnherad kommune eig 2,299 prosent av aksjane i Visit Hardangerfjord, medan Visit Sunnhordland er eigd av Samarbeidsrådet for Sunnhordland, der Kvinnherad er deltakarkommune. 

Hovudutvalet for næring vedtok i tillegg å løyva ein halv million til elbil-lading på reiselivsdestinasjonar. Fylkesdirektøren får fullmakt til å tildela midlane.