Integreringskafeen fekk pengegåve av Specsavers Husnes

Anita Falk og Arne Martin G. Husby (til venstre) blei veldig glade for pengegåva frå Specsavers Husnes. Frå høgre ser du Vania Probert, Siv A. Sandvik, Therese Selle og Silje Myklebust. Dei viser fram nokre av brillene som er merka og forsegla før dei skal sendast til Tanzania.

Anita Falk og Arne Martin G. Husby (til venstre) blei veldig glade for pengegåva frå Specsavers Husnes. Frå høgre ser du Vania Probert, Siv A. Sandvik, Therese Selle og Silje Myklebust. Dei viser fram nokre av brillene som er merka og forsegla før dei skal sendast til Tanzania.

Artikkelen er over 1 år gammel

– Dette er nok pengar til at vi kan arrangera to laurdagskafear framover. Tusen hjarteleg takk! kvitra Anita Falk og Arne Martin Guddal Husby då dei fekk overrekt sjekken torsdag.

DEL

Som kvinnheringen har skrive om tidlegare, er Specsavers Husnes ein del av velgjerningsprogrammet «Gi syn og gi tilbake». Her tar dei imot brille folk ikkje treng meir, slik at menneske i Tanzania kan få betre syn. Nyleg var personar frå Specsavers-kjeda på besøk i Tanzania og delte ut over 3.000 briller som var samla inn frå heile landet. Dei tok også nærmare 1.000 synsprøvar. For kvar donerte brille donerer Specsavers Husnes 25 kroner av sitt eige overskot til eit godt, lokalt føremål.

– Kalenderåret 2017 fekk vi inn over 250 briller, som utgjorde 6.250 kroner. Men vi ville gi Integreringskafeen i Rosendal litt ekstra fordi det er eit så flott tiltak, så derfor gir vi dykk 8.000 kroner, sa innehavar av Specsavers på Husnes, Siv Aaseth Sandvik, då ho overrekte pengesjekken til Falk og Husby.

Dei hadde visst om at dei skulle få pengegåve, men ikkje kor mykje den var på.

– Dette er fantastisk! For at maten på kafeen skal vera gratis må vi samla inn pengar, og no var budsjettet tomt. Dette held til to kafear framover! strålte dei.

Integreringskafeen, eller «laurdagskafeen» i Rosendal, er blitt eit kjærkome tilbod for mange. Sist den blei arrangert var mellom 120 og 150 personar med frå 15 ulike nasjonar.

Sandvik på Specsavers seier dei vil halda fram med prosjektet, og at dei derfor håpar fleire vil donera briller. I tillegg ønskjer ho gjerne tips til kva lag eller organisasjon som fortener pengegåve neste gong.

Artikkeltags