Gå til sidens hovedinnhold

Stor gåve til Folgefonnsenteret

Artikkelen er over 5 år gammel

Sparebankstiftelsen DNB gjev ei gåve på to millionar kroner til ar-beidet med utstillinga ved Folgefonnsenteret.

Dei tre institusjonane som arbeidar med utstillinga i Folgefonnsenteret; Bjerknessenteret, Havforskingsinstituttet og Folgefonna nasjonalparksenter, fekk nyleg melding frå Sparebankstiftelsen DNB om ei gåve til utstillinga i Folgefonnsenteret på 2 millionar kroner, heiter det i ei pressemelding frå Folgefonnsenteret.

– Dette er ei stor gåve og eit viktig bidrag i arbeidet med å finansiera innhaldet i utstillinga og vi er svært glade for gåva. Samstundes er det eit positivt signal at Sparebankstiftelsen DNB finn Folgefonnsenteret så interessant at dei går inn med ei stor støtte, heiter det i pressemel-dinga. 

Bygget er fullfinansiert av Kvinnherad kommune, Hordaland fylkes-kommune og næringsliv utan låneopptak. Dei 3 institusjonane har ei stund arbeidd aktivt med planlegginga av innhaldet i Folge-fonnsenteret og å skaffa finansiering til dette.

Senteret skal fortelja om vatnet sitt krinslaup på Jorda, om korleis dette knyt saman klima, biologisk mangfald, brear, hav og mennesket sine samfunn.  Senteret skal forklara og  inspirera til å bruka og forstå naturen. Det vert eit formidlingssenter for forsking og forvalting med utgangspunkt i Folgefonna nasjonalpark, bre- og klimaforsking ved Bjerknessenteret, marin forsking ved Havforskingsinstituttet og næringsliv, står det vidare i pressemeldinga frå Havforskingsinstituttet, Bjerknessenteret, Besøkssenter Folgefonna nasjonalpark

Gåva blir overrekt fredag 20. november på rådhuset.

Kommentarer til denne saken