Kvinnheringen skal dela ut 150.000 kroner til lag og organisasjonar – vil ditt lag ha støtte?

PENGEGÅVE: Her ser du juryen som skal bestemma kva tiltak som får pengestøtte. F.v. journalist Gina Eriksen Albrethson, kommunedirektør Ragnhild Bjerkvik, marknadskonsulent Ingvild Revne og redaktør Mona Grønningen. (Det er sjølvsagt ekte pengar Kvinnheringen skal dela ut, sjokolademyntane er for bildet sin del).

PENGEGÅVE: Her ser du juryen som skal bestemma kva tiltak som får pengestøtte. F.v. journalist Gina Eriksen Albrethson, kommunedirektør Ragnhild Bjerkvik, marknadskonsulent Ingvild Revne og redaktør Mona Grønningen. (Det er sjølvsagt ekte pengar Kvinnheringen skal dela ut, sjokolademyntane er for bildet sin del).

Kvinnheringen skal dela ut 150.000 kroner til gode, lokale tiltak, og inviterer no lag og organisasjonar til å søkja om støtte.

DEL

På bakgrunn av gode resultat i 2018, får Amedia sine aviser dela ut pengar til foreiningar og organisasjonar som engasjerer seg for å skapa gode og aktive lokalsamfunn. Tildelinga skjer i samarbeid med Sparebankstiftelsen DNB, og Kvinnheringen får dela ut til saman 150.000 kroner. Dette er første gongen Amedia sine lokalaviser skal fordela midlar til lokale føremål, men konsernsjef Are Stokstad meiner det kan komma fleire tildelingsrundar seinare.

– Held vi fram med å skapa gode resultat, vil tildelinga av midlar til avisene våre kunna halda fram, seier Stokstad.

Vi i Kvinnheringen er svært glade for at vi no kan få gi noko tilbake til lokalsamfunnet vårt på denne måten, og inviterer herved foreiningar og organisasjonar i Kvinnherad til å søkja om støtte til blant anna aktivitets- og fritidstilbod for barn og unge. Søknadsfristen er 25. mars. Ein lokal jury skal deretter bestemma kva tiltak som får støtte, og om heile beløpet på 150.000 kroner skal delast ut til eitt tiltak, eller om summen skal fordelast på fleire.

Juryen består av underteikna redaktør, journalist Gina Eriksen Albrethson, marknadskonsulent Ingvild Revne og kommunedirektør Ragnhild Bjerkvik.

Fakta om gåveutdelinga:

  • Utdelinga skjer i samarbeid med Sparebankstiftelsen DNB, som for fire år siden kjøpte Amedia og oppretta Amediastiftelsen for å ivareta eigarskapet. Kjøpet blei finansiert med eit lån frå Sparebankstiftelsen DNB. Amedia sine gode resultat har gitt Amediastiftelsen sjansen til å betala ned delar av lånet, og som følgje av dette har Sparebankstiftelsen DNB stilt til saman 25 millionar kroner til disposisjon for prosjekt som skal styrka lokalsamfunna. Søknadar om støtte skal rettast til avisene som skal fordela midlane og avgjera kven som får støtte.
  • Dei som skal søkja om støtte må nytta Sparebankstiftelsen DNB sitt etablerte system for gåvetildeling. Sjå soknad.sparebankstiftelsen.no/amedia
  • Desse kan søkja om støtte: Lag, foreiningar og organisasjonar som engasjerer seg for å skapa gode og aktive lokalsamfunn gjennom opne aktivitets- og fritidstilbod retta mot innbyggjarane i heile kommunen, eller i nokre lokalsamfunn.
  • Laget, foreininga eller organisasjonen må vera reigstrert i Enhetsregisteret i Brønnøysund.
  • Ein kan få støtte både til pågåande aktivitetar og prosjekt, og til heilt nye tiltak. Målgruppa må omfatta aldersgruppa under 25 år, men treng ikkje vera avgrensa til denne gruppa åleine.
  • Det vil ikkje bli gitt støtte til offentlege kjerneoppgåver, til privatpersonar, til næringsverksemd eller reine religiøse eller politiske tiltak.

Artikkeltags