Fekk «forseinka julegåve» frå oppdrettsselskap

Øystein Kårstad i Mowi kom med pengegåve til Kari Synnøve Tveit og Matre bygdelag. (Foto: Privat).

Øystein Kårstad i Mowi kom med pengegåve til Kari Synnøve Tveit og Matre bygdelag. (Foto: Privat).

DEL

Marine Harvest skifta 2. januar namn til Mowi. Mowi er verdas største oppdrettar av laks, med hovudkontor i Bergen. Årleg deler selskapet ut midlar til lokale tiltak for barn og unge i kommunane selskapet har aktivitet i, og nyleg fikk lag i Matre og Åkra ei noko forseinka julegåve frå lakseoppdrettaren.

– Vi i Mowi er avhengig av gode lokalsamfunn der vi har aktivitet. Derfor har vi i ei årrekkje støtta gode prosjekt i lokalsamfunn langs hele kysten. Vi heiar på dei frivillige laga og organisasjonane som gir unge eit godt tilbod, seier Øystein Kårstad i Mowi.

Ved utdelinga på nyåret fekk Idrettslaget Matre/Åkra, Matre bygdelag og 4H Åkra tildelt midlar. 4H fikk støtte til å arrangera fylkesleir til sommaren, og idrettslaget fekk støtte til markeringa av opprustinga av gangvegen mellom Matre og Åkra, som skal haldast seinare i år. Matre bygdelag har over fleire år bygd opp friluftsområdet Dranes, og dette flotte området skal også utviklast vidare. Mowi støtta også dette arbeidet. Kari Synnøve Tveit i bygdelaget er glade for støtta de fikk like over nyttår:

– Vi er svært glade for støtta frå Mowi, og vi synest det er flott at dei ser viktigheita av gode tilbod for folk som bur i kommunen, seier Tveit.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags