Ny dagleg leiar hos Peppes Pizza

NYSLÅTT SJEF: Tanita Blokhus er den som heretter styrer ståket hos Peppes Pizza på Husnes.

NYSLÅTT SJEF: Tanita Blokhus er den som heretter styrer ståket hos Peppes Pizza på Husnes.

Av
Artikkelen er over 5 år gammel

Tanita Blokhus (25) er konstituert som dagleg leiar hos Peppes Pizza ut året.

DEL

Tanita Blokhus tok formelt til som konstituert i stillinga 1. september. Ho overtok etter Turid Blokhus som no er slutta.

Den nye sjefen har jobba som kjøkensjef og kokk same staden frå februar 2014. Det kjem ho til å fortsetja med ved sida av heretter å ha ansvaret for heile restauranten. Blokhus har stor tru på det potensialet restauranten har.

– Peppes er heilt klart noko å satsa på. Det er eit godt konsept som stadig er i utvikling, rosar ho og nemner den nye «Green light»-menyen som eit godt døme på at restaurantkjeda har evne til fornying. Med denne menyen kom sunne alternativ på plass.

– Peppes er i utgangspunktet eit retro-prosjekt, men samtidig moderne, ein kombinasjon eg likar godt, seier den nye sjefen.

Bak seg har restauranten lagt ein travel sommar med mange turistar på besøk, ikkje minst frå båthamna.

– Kva med dei lokale, støttar fastbuande godt opp om restauranten?

– På det må eg svara ja. Dei aller fleste besøkjande gjennom året er herfrå.

Den formelle bakgrunnen hennes er vidaregåande, eitt år i militæret og arbeidspraksis frå serveringa på Rosendal Gjestgiveri.

– Fordi eg ikkje har bestemt meg for kva eg skal bli, har eg ikkje begynt på noka utdanning enno. Eg har tenkt litt på økonomi og leiing, men vi får sjå.

– Er du blant dei interesserte til fast stilling som dagleg leiar på Peppes?

– Det vil eg ikkje svara på, seier den blide sjefen.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken