Person måtte ha hjelp etter å ha falle i sjøen i Husnes båthamn

Illustrasjonsbilde frå arkivet.

Illustrasjonsbilde frå arkivet.

DEL

Ein person måtte hjelpast opp av sjøen i Husnes båthamn fredag i 14.30-tida, melde 110 Hordaland på Twitter.

Vedkommande fall i sjøen og hadde problem med å komma seg opp sjølv, og blei halde oppe av tre unge personar då naudetatane kom til staden, skriv Vest politidistrikt.

Vaksne fekk hjelpt vedkommande opp. Personen var då nedkjølt, men uskadd.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags