94 og ein «resar» på iPad

Alderen er inga hindring for Ragnhild når det kjem til digital underhaldning. For ho er iPaden og internett blitt daglege hjelpemiddel.

Alderen er inga hindring for Ragnhild når det kjem til digital underhaldning. For ho er iPaden og internett blitt daglege hjelpemiddel.

Av

Ragnfrid Bogsnes (94) frå Husnes har omfamna datateknologien frå den spede byrjinga. Det kan ho nyta godt av no.

DEL

Folk i Kvinnherad:

– Eg kan ikkje lenger strikka eller sy, men lesa kan eg. Det er godt å ha noko å gjera. Internett er jo underhaldande! Men eg sit ikkje pal med denne her altså, det gjer eg ikkje, understrekar ho og viser til iPaden ho har i fanget.

Årsaka til at Ragnfrid har måtta læra seg med datateknologi stammar frå då ho var lærar på Stord gymnas. Då datamaskinane vart introduserte i skulen, var det ingen som ville ta på seg å undervisa elevane i dette, fordi faget var nytt og ukjend. Oppgåva fall på Ragnfrid, som måtte lesa seg opp og læra vidare den måtehaldne kunnskapen sin etter beste evne.

– Elevane fortente betre, syntest eg, smiler Ragnfrid lett brydd.

Men ho har seinare følgd med på utviklinga, og meiner det er flott med dei moglegheitene internett byr på. Ho synest mellom anna Facebook og e-post er supre kanalar å halda kontakt med familie og vener på, og at den digitale brevvekslinga er super.

– Då kjem i alle fall posten fram, smiler ho nøgd.

Ragnfrid har også søkt opp alle gateadresser der ho har budd i sitt liv, og det er mange, for å sjå husa og gatene rundt på fotografibaserte kart.

– Eg trur det hadde vore veldig kjekt for fleire å læra seg med internett. Ein kan jo finna alt i verda dersom ein søkjer. Når ein til dømes får eit oldebarn som heiter Agnes, så kjem ein på «Agnes, min deilige sommerfugl», og tenkjer kor i all verda kjem det i frå? Så kjem ein på at det er eit dikt, og deretter kan ein søkja på internett og finna ut all slags tilleggsopplysningar om det, forklarar ho.

Møter ho på ting ho ikkje forstår, ringer ho berre nokon i familien og får hjelp. Internettet i seg sjølv også til god hjelp, til dømes når ho løyser kryssord, eller når ho vil læra meir om gamle gjenstandar, historiske hendingar og personar. Mellom anna fann ho ut detaljane om ein gammal Wedgewood-vase ho har etter foreldra sine. Der var internett faktisk til større hjelp enn kontaktpersonen som svara for den tradisjonsrike porselens-produsenten.

Ragnfrid har nokre tips til andre som ønskjer å læra seg litt med data og internett.

– Ein må vera modig og ikkje vera redd for å trykka på noko feil. Er ein redd for å prøva, får ein ikkje til noko som helst. Og om det stoppar opp er det lurt å stenga av og heller gjera eit nytt forsøk seinare. Då har det ofte løyst seg sjølv.


Artikkeltags