Nyttårsforsett: Å tilbringa meir tid med Gud

Sylvia vil bruka tida si på å komma nærare Gud.

Sylvia vil bruka tida si på å komma nærare Gud.

Av

– Så, har du noko nyttårsforsett? vart ho spurd. – Eg skal bruka meir tid med Gud, svara ho. Straks orda hadde blitt formulerte og sagde høgt, kjende Sylvia Sjo Kårstad kor riktig det var.

DEL

Folk i Kvinnherad:

Sylvia startar samtalen med å fortelja at ho ikkje heilt veit korleis ho skal ordleggja seg rundt dette personlege temaet, men at ho håpar ho får hjelp undervegs.

– At Gud skal legga orda i munnen på deg? freistar underteikna, og legg orda i munnen hennar.

– Ja, nettopp, utbryt ho smilande.

Me ler litt før samtalen vender mot eit større alvor.

2018 var eit år der helsa til Sylvia ikkje var på topp, noko som har gått ut over både tålmodet og livsgleda hennar. Ho legg ikkje skjul på at ein kan bli både sur og grinete når ein har vondt i kroppen. Konklusjonen vart enkel:

– Slik ville eg ikkje ha det. Eg ville ha meir glede i livet! Og eg hadde samstundes ein lengsel etter Gud. Det å tilbringa tid med han gjev meg så mykje fred og glede. Det er ein slags ekte fred, utdjupar ho.

Sylvia vaks opp i ein kristen heim og har alltid kalla seg kristen, sjølv om livet ho levde ikkje alltid spegla trua hennar. Såleis er ikkje forsettet hennar nytt av året, men det nye er at ho skal bli flinkare å ta seg tid til å vera med Gud – når ho har tid. Kvardagen er hektisk, og med familie, arbeid og aktivitetar, skal det litt til før ho prioriterer tid for seg sjølv. Men når ho faktisk har ei stund for seg sjølv nyttar ho den gjerne i lag med Gud. Det er gjennom guds ord og lovsong ho vert kopla på.

Som vaksen opplevde Sylvia eit nytt møte med Gud, eit møte som gjorde forholdet deira meir personleg, og som gav ho ei større forståing for ordet.

– Han opna dei rette dørene for meg. No er det enno kjekkare å lesa, og sløret eg hadde framfor auga har forsvunne. Men Gud ønskjer jo å bruka meir tid med meg òg. Ein kan sjå på han som ein himmelsk far, han vil jo ha nære relasjonar til sine born. Han er ein levande Gud, ein som er der for alle. Ein må berre ta kontakt, så er han til stades.

Det å bruka tid med Gud er ikkje avgrensa til lesing og lytting til musikk. For Sylvia inneber det også å tilbringa meir tid med familien og å vera i lag med andre. Det å dela erfaringar, gle seg på andre sine vegner eller be i lag, skapar eit godt samhald, fylt med nestekjærleik. Ved å bruka tid med Gud lærer ein korleis ein kan forholda seg til andre, og ein lærer samstundes seg sjølv betre å kjenna, meiner ho. Det ligg også noko i kva ein brukar tida si på. Mykje unødig tid går med til mobilen eller tv-en.

– Eg ønskjer å bruka tida mi på noko som gir meg meir, avsluttar ho med eit smil.


Artikkeltags