Gå til sidens hovedinnhold

Pipebrann i Rosendal

Rundt klokka 15.18 søndag ettermiddag blei det meldt om pipebrann i Rosendal, skriv 110 Hordaland på Twitter.

Pipebrannen skal vera i Nesvegen, og det var ein nabo som meldte frå, opplyser vakthavande i Kvinnherad brann og redning, Ruben Medhus.

Brannmannskap er begynt arbeidet på staden. Det skal ha kome gneistar frå pipa, men situasjonen skal elles vera udramatisk, fortel Medhus til Kvinnheringen.

Kommentarer til denne saken