Gå til sidens hovedinnhold

Planlegg å vaksinera 150 personar per veke framover

For tida er det personar på 75 år og oppover som får tilbod om vaksine.

I ei oppdatering på Facebook-sida si skriv kommunen at det torsdag 25. mars berre vil bli vaksinering på Husnes.

«Etter denne dagen er det om lag 430 personar att i gruppa 75+ som ikkje har fått tilbod om vaksine. Vidare framdrift på vaksinering er på skjærtorsdag Husnes, og torsdag 08.04 på Husnes og i Rosendal - begge stadar for 75+. (Om vaksine vil skje både på Husnes og i Rosendal 08.04 vil verta vurdert fortløpande i høve kor mykje vaksine kommunen får tilsendt)», skriv kommunen.

Deretter startar vaksineringa for gruppa 65+ og dei innbyggjarane som fastlegane har meldt om skal vera prioriterte.

«Alle desse vil bli kontakta på telefon. Det vert planlagt at om lag 150 personar vil bli vaksinerte per veke framover. Vaksine to-dosering skjer parallelt med dette», står det å lesa.

1.477 kvinnheringar har så langt fått første dose med vaksine, det vil seia 11,3 prosent av innbyggjarane. 720 av desse har fått dose to også, noko som tilsvarer 5,51 prosent av innbyggjarane.

NRK publiserte tysdag eit intervju med overlege Preben Aavitsland for smittevern, miljø og helse ved Folkehelseinstituttet, der dei spurde om kva som skjer med dei som har fått første dose av Astrazeneca-vaksinen, og etter planen skulle hatt dose to.

Han svarer her at andre dose avheng av om vaksineringa med denne typen vaksine vert avslutta eller ikkje, og seier at det blir utgreidd kor vidt det er mogleg for dei som har fått dose éin av denne å kunna få dose to av ein annan type vaksine.

Les også

Vaksineringa i kommunen tar lengre tid enn venta: – Har fått færre vaksinar enn ein vart varsla om

Kommentarer til denne saken