«Kvinnherad – ein plastfri kommune?»

Av
DEL

MEININGARFor rundt tre år sidan, etter at plastkvalen ved Sotra hadde vore førstesidestoff, føreslo Høgre sin ordførarkandidat, Leif Sverre Enes, overfor formannskapet, at Kvinnherad burde bli ein plastfri kommune innan 2020. Det var rett nok eit uformelt forslag, etter at møtet var slutt, men det vart omtalt i avisene, og ifølgje dei så nikka alle medlemane samtykkjande til forslaget.

Seinare har me ikkje høyrt meir om dette, korkje frå Leif Sverre eller Høgre, som jo faktisk er dei som har sete med makta sidan. Men kanskje har dei planlagt ein formidabel sluttspurt no fram til nyttår? Ikkje veit eg, men i desse valflesktider ville det i så fall ha passa godt inn.

For oss som verkeleg er opptekne av temaet, er det opprørande å høyra denne typen lettvinte forslag, når me veit at det berre er rein festtale-prat. Meint for at tilhøyrarane skal tru at dei jobbar med saka. Nett slik Erna gjer når ho tek seg ein rusletur i stranda og plukkar plast. Men berre når TV-kameraet er få meter unna.

Høgre har nok sansa seg etterkvart, for i programmet for årets kommuneval har dei formulert seg slik: «Kvinnherad Høgre vil arbeida for at Kvinnherad på sikt skal bli ein plastfri kommune». Det tolkar eg som at dei heller ikkje i neste fireårsbolken har tenkt å gjera noko. Så folk som er opptekne av plastproblematikken bør sjølvsagt finna eit anna parti å røysta på denne gongen.

Problemet er likevel altfor alvorleg til å harselera med. Og mange trur at løysinga er å samla inn all plast for å resirkulera det. Men det er ikkje noka permanent løysing, det er berre ei utsetjing.

Når du kjøper ei plastflaske med vatn, og leverer denne tilbake att, så trur mange at då blir ho vaska, og så blir ho brukt om att til ein ny vasskjøpar. Men det som skjer er at all returplast blir smelta om, og så blir det laga nye plastprodukt. Desse nye produkta er av ein simplare kvalitet, meint for andre produkt som ikkje treng beste kvalitet. Neste gong blir kvaliteten endå dårlegare, og etter nokre få resirkuleringar kan ikkje plasten resirkulerast lenger. Då går han til forbrenningsanlegget.I mellomtida har ein god del av plasten falle av lasset og enda opp som mikroplast i jord og vassdrag, og til slutt i havet.

Så einaste løysinga er å slutta hundre prosent å bruka fossil eingongsplast. Men dette er ikkje noko den sitjande regjeringa ønskjer å gjera, sjølv om alternativa finst i dag. Det eine som kan gjerast er å erstatta eingongsplast med standardisert emballasje som kan nyttast mange gonger, gjerne av glas, tre eller metall. Kven hugsar vel ikkje den tida då alle tok vare på syltetøy- og sennepsglasa og brukte dei om att? Heime hos oss gjer me det framleis.

Det andre er å erstatta fossil plast med komposterbar bioplast. Den er laga av tre, vegetabilske oljer, bakteriar, eller anna biologisk stoff. Tidsskriftet Skog sin omsluttande plastfolie er det einaste tilfellet eg sjølv kjenner til, som allereie i dag består av bioplast som du kan kasta rett i biodunken. Skal Kvinnherad gå føre i arbeidet med å løysa plastproblematikken, så er nok dette vegen å gå. Me i MDG er opptekne av dette spørsmålet. Det hadde vore kjekt om Høgre og dei andre partia slo lag med oss her.

Arne Gjerde

Listekandidat MDG Kvinnherad

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags