Gå til sidens hovedinnhold

Plastkunst til ettertanke i Galleri G Guddal

Laurdag opna Pippip Ferner-utstillinga «Plastic Revisited #3» med feiande flotte kreasjonar laga av plastavfall frå sjøen og fjøra. Heldigvis i ei eventyrblanding av humor, alvor kreativitet og ikkje minst sprudlande modellar på «catwalken» i galleriet i samband med utstillingsopninga. Eit fruktbart samarbeid mellom kunstnaren frå Asker, Rosendal ungdomsskule og Folgefonnsenteret set også lokalt søkelys på problema med plastavfall. To av modellane under opninga var ungdomsskuleelevar. Elevarbeida til dei 14 elevane med dette valfaget skal visast i Folgefonnsenteret. Om Pippip Ferner sin plastkunst sa gallerist Gøril Guddal mellom anna dette: «Kjekt å bidra ved å husa ei viktig og ikkje-kommersiell utstilling». I tillegg til plastklede og vovne/strikka installasjonar, har Ferner også stilt ut fabulerande teikningar av marine organismar. Utstillinga i Galleri G Guddal står til 16. juni og er vel verd eit besøk.

Du har nå sett Plastkunst til ettertanke i Galleri G Guddal