Kommunen treng fleire ferievikarar

Her frå eit fellesmøte sektoren pleie og omsorg hadde førre månad. Då blei det blant anna diskutert korleis ein kan rekruttera ferievikarar til kommunen.

Her frå eit fellesmøte sektoren pleie og omsorg hadde førre månad. Då blei det blant anna diskutert korleis ein kan rekruttera ferievikarar til kommunen.

Kvinnherad kommune slit med å få tak i nok ferievikarar i pleie og omsorg, og har måtta lysa ut to gonger.

DEL

Sektorleiar Bjørg Wangensten håpar fleire vil søkja på sommarjobb innanfor pleie og omsorg i Kvinnherad kommune.

– Vi fekk ikkje nok søkjarar i den første runden, og derfor lyste vi ut på nytt, fortel ho.

Kommunen treng sommarvikarar innanfor nesten alle avdelingane, både i heimesjukepleien og inne på institusjonane.

– Arbeidsoppgåvene er alt frå stell og pleie til tilsyn og praktisk hjelp, både i eigen heim, i bufellesskap og i omsorgsbustader. Alt innanfor sjukepleiarfaget, fortel Ellen Korsvold, leiar for Heimeteneste Nord.

Helst ønskjer kommunen seg personar med relevant utdanning og kompetanse, men behovet er såpass stort at alle søknader blir vurderte.

– Kvifor bør folk søkja?

– Det er givande arbeid å få hjelpa og visa omsorg for andre, og jobben fører mykje glede med seg. Du føler deg nyttig. Vi oppmodar særleg menn om å søkja, fordi sektoren allereie er ganske kvinnedominert. Ein god miks av både kvinner og menn er bra for arbeidsmiljøet. Elles er personlege eigenskapar veldig viktig i desse jobbane, og ein må ha god evne til å kommunisera, fortel Wangensten.

Ho trur ein feriejobb innanfor sektoren kan vera nyttig for ungdomar som ønskjer å testa ut om dette er yrke dei kunne tenkt seg å utdanna seg til.

– Og så får du jo ein fot innanfor. Mange av dei som får jobb som ferievikar tar ekstravakter elles i året, og det kan vera ei fin biinntekt ved sida av studiane, seier Wangensten.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags