Første tilbod om privat omsorg i Kvinnherad

No kan dei som har behov for og ønskjer å betala for privat omsorgsteneste få hjelp av (f.v.). Monica Hansen (sjukepleiar), Janne Isdal Hvidevold (omsorgsarbeidar og dagleg leiar for Privat Omsorg Kvinnherad), Irene Røen (helsefagarbeidar) og Jeanette Trovik (sjukepleiar). (Foto: Maria Isdal Hvidevold).

No kan dei som har behov for og ønskjer å betala for privat omsorgsteneste få hjelp av (f.v.). Monica Hansen (sjukepleiar), Janne Isdal Hvidevold (omsorgsarbeidar og dagleg leiar for Privat Omsorg Kvinnherad), Irene Røen (helsefagarbeidar) og Jeanette Trovik (sjukepleiar). (Foto: Maria Isdal Hvidevold).

Artikkelen er over 2 år gammel

Janne Isdal Hvidevold har jobba innan pleie- og omsorg i 22 år. No tek ho sats, etablerer eige firma og tilbyr kvinnheringane private omsorgstenester.

DEL

Gjennom arbeidet sitt i den kommunale heimetenesta har Janne Isdal Hvidevold opplevd at mange eldre, og familiane deira, har behov for meir hjelp enn det kommunen kan tilby dei. No har omsorgsarbeidaren alliert seg med helsefagarbeidar Irene Røen og sjukepleiarane Jeanette Trovik og Monica Hansen, og etablerer bedrifta Privat Omsorg Kvinnherad. Gjennom det nyoppretta føretaket vil ho tilby alle eldre i heile Kvinnherad alt frå tradisjonelle heimetenester og handling, til ein liten spasertur, kafébesøk, følgje til lege eller berre det å vera ein omsorgsperson. Målgruppa er eldre som ikkje får heimehjelpstilbod frå kommunen, i tillegg til eldre som har behov for fleire tenester enn det kommunen kan tilby dei.

– Eg vil gjerne understreka at vi ikkje vert ein konkurrent til kommunen, men eit supplement. Vi trivst alle i jobbane vi i dag har i Kvinnherad kommune, men vi ser behovet for tilleggstenester, både for brukarane og pårørande. Vi er veldig audmjuke til dette, men vi vil prøva, seier Janne.

Det er ingen tidsavgrensing på kor lenge ein kan vera hos ein person, men kunden må sjølvsagt betala for den tida ein brukar.

– Hovudfokuset er kvardagsrehabilitering og ernæring. Vi ønskjer å betra livskvaliteten til dei eldre. Dette er noko eg har tenkt på lenge. Eg har ingen store forventningar, men eg er veldig klar for å prøva dette no, seier omsorgsarbeidaren.

Ulike behov

Kvar einskild person har ulike behov, difor vil det nye føretaket vera veldig fleksibelt i kva tenester dei kan tilby.

– Her er det brukarane som bestemmer, seier Janne Isdal Hvidevold.

Gjennom arbeidet sitt i heimetenesta opplever ho heile tida at mange ønskjer meir enn det ein kan tilby. Ofte er ein innom berre nokre minutt, og sjeldan er det tid til å setja seg ned med brukarane for å ta den gode praten.

– Eg ser behovet for tenestene som vi kan tilby, tida vil visa om det er eit reelt behov. Responsen og behovet avgjer kor mykje vi skal satsa på dette, seier Janne.

Eit døme på eit tenestetilbod frå Privat Omsorg Kvinnherad kan til dømes vera eit morgonstell, eit frukostmåltid saman og ein tur enten med rullestol eller på beina.

Positiv næringssjef

Dagleg leiar i Kvinnherad Næringsservice, Silvia Tofte, trur at det er ein marknad for Privat Omsorg Kvinnherad.

– Det er flott at nokon vågar å prøva seg på eit nytt konsept i Kvinnherad. Dette vert eit tilbod som kjem i tillegg til dei tenestene kommunen tilbyr. Eg trur det er ein marknad for slike tenester, seier næringssjefen.

Ho spår at det kanskje vil ta litt tid før folk venner seg til å kjøpa slike tenester som Privat Omsorg Kvinnherad tilbyr.

– Eg synest det er fornuftig at dei startar forsiktig og lar marknaden modnast. På sikt trur eg det vil bli større og større etterspurnad etter slike tenester, seier Tofte.

– Vi er klare og gler oss til å starta jobben med å hjelpa dei som ønskjer det, og kanskje gjera dagane deira meir meiningsfulle, avsluttar Janne Isdal Hvidevold.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags