Som kjent meiner eigar Ståle Kaldestad at tidlegare rådmann, Odd Ivar Øvregard, lova at kommunen ville kjøpa tomta. I vår svara Øvregård slik på dette:

– Det er ikkje tvil om at rådmannen har vore tydeleg på at ein ønskte å kjøpa denne tomta. Men rådmannen var òg tydeleg på at vi måtte ha ein dialog for å koma vidare. Den dialogen førte ikkje fram.

I haust vart saka fremja politisk, og ein kom fram til at kommunen ikkje hadde gitt lovnad om kjøp. Det vart likevel vedtatt å henta inn to uavhengige takstar, før ein tok endeleg stilling. Takstane låg føre til torsdagens formannskapsmøte og landa på 4,3 mill. og 3,2 mill. for det nær fire mål store næringsarealet i Podlen.

Leif Sverre Enes (H) la fram eit alternativt forslag til innstilling, og viste til at det ville vera fornuftig å ha eit slikt areal for hand om ei nyetablering skulle banka på døra. Men forslaget fekk berre Enes si stemme, og resten av formannskapet gjekk inn for Rådmannen si innstilling som sa nei til kjøp.