Ulukka vart meldt til politiet i 14.30-tida, og både politi, ambulanse og brannvesen rykte ut til ulukkesstaden. Bilen, som hadde tilhengar, køyrde inn i sida på ein trailer som stod parkert på oppstillingsplassen på ferjekaien på Ranavik. Det var tre personar i bilen som krasja, og to av dei blei frakta i ambulansebåt til sjukehuset på Stord med det politiet opplyser som truleg lettare skader.
– Ulukka har truleg skjedd av medisinske grunnar, opplyser politibetjent Håkon Tørvik.
Ein hund som òg var i bilen, rømde til skogs etter ulukka.
Kommentarer til denne saken