Køyrde i vatnet med rullestol

Politi og brannvesen i ferd med å få den elektriske rullestolen opp frå Opsangervatnet. Foto: Elisabeth Berg Hass.

Politi og brannvesen i ferd med å få den elektriske rullestolen opp frå Opsangervatnet. Foto: Elisabeth Berg Hass.

Artikkelen er over 4 år gammel

Ei eldre kvinne i ein elektrisk rullestol var uheldig å køyra utanfor stien bak Statoil, og hamna i Opsangervatnet måndag føremiddag like før klokka 12.

DEL

Kvinna i rullestolen gjekk gjennom isen, men det var heldigvis såpass grunt at ho ikkje hamna under vatnet. Ho hadde med seg ei anna kvinne som fekk varsla om ulukka. Politi og ambulanse kom raskt til staden, og fekk hjelpt kvinna opp. Ho fekk ikkje store skader, men blei sendt til helsesenteret for sjekk. Branntroppen på Husnes måtte også bistå med å få den tunge rullestolen opp av vatnet.

– Kvinna hadde englevakt. Det kunne gått mykje verre hadde ho gått gjennom isen der vatnet er djupare, seier politibetjent Håkon Tørvik til Kvinnheringen.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags