Politiet ønsker å komma i kontakt med kvinne

DEL


I forbindelse med husbrannen i Omvikdalen natt til Kristi himmelfartsdag 30. mai, ønsker politiet å komma i kontakt med ei kvinne som blei observert ved vegen på tur med hunden sin den natta.

– Vi ønsker kontakt med vedkomande som kanskje kan gi oss meir informasjon i saka, seier Torgeir Fosse ved Kvinnherad lensmannskontor til Kvinnheringen torsdag.

Oppdatert: Klokka 17 (torsdag) opplyser politiet til Kvinnheringen at dei har vore i kontakt med den aktuelle kvinna. Dersom andre var i området mellom midnatt og morgonen den natta, ber politiet dei om å ta kontakt.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags