Gå til sidens hovedinnhold

– Ikkje parker i busslommene!

Artikkelen er over 4 år gammel

Sigurd Børve opplyser at politiet jamt og trutt får klagemeldingar på tilhengarar eller bilar som blir parkerte i busslommer. Denne veka fekk dei klage på ein hengar som stod i ei busslomme ved Landakrysset på Halsnøy.

– Det er ikkje rette plassen å parkera, sjølv om vi forstår at dette av og til blir gjort av ein praktisk grunn, fordi ein gjerne ikkje kjem fram med store hengarar. Men ein må vera varsame så ein unngår farlege situasjonar, seier Børve.

Kommentarer til denne saken