Arrangerer sjeldan hittegods-auksjon

Politiet håpar mange små og store vil ta turen til open politistasjon på laurdag. Her frå då dei leverte refleksvestar til elevar på Sunde skule i 2016. (Arkivfoto).

Politiet håpar mange små og store vil ta turen til open politistasjon på laurdag. Her frå då dei leverte refleksvestar til elevar på Sunde skule i 2016. (Arkivfoto).

Laurdag inviterer politiet i Kvinnherad for første gong til «Politiet sin dag» på Husnes. Då blir det òg hittegods-auksjon, noko som er ganske sjeldan her i kommunen.

DEL

– Det er mildt sagt sjeldan vi har slike auksjonar, ja. Det er ikkje enorme mengder ting vi skal auksjonera bort, men ein del er det. Vi gjer det for å skapa litt liv, fortel lensmann Sigurd Børve.

På auksjonen kan folk få hand om alt frå båtmotorar og syklar til golfutstyr, smykke og verktøy. Dette er ting som politiet har fått hand om, til dømes beslaglagt tjuvgods eller ting som folk har funne og levert til politiet, om som ein ikkje har klart å spora opp eigaren til. Det kan òg vera ting som eigaren har fått beskjed om, men som vedkommande ikkje har brydd seg med å henta. Etter tre månadar har politiet nemleg lov til å selja det, og pengane blir tilbakeførte til staten.

– Kven skal vera auksjonarius?

– Det blir nok meg, det. Eg har vore det ein gong tidlegare då vi hadde hittegods-auksjon i Rosendal før stasjonen flytta. Det skal nok gå bra, seier lensmann Børve.

Første gongen

Årleg plar Kvinnherad brann og redning å ha slike arrangement med «open brannstasjon», men det er første gongen Kvinnherad lensmannskontor opnar politistasjonen på denne måten.

– Vi gjer det for å visa kor vi held til og kven vi er, og for å treffa folk i lokalmiljøet i ein positiv samanheng. Mange forbinder politiet med makt, tvang og synest vi er litt skumle, men vi er i hovudsak ein service-organisasjon, som skal yta service til innbyggjarane i Kvinnherad.

Elles fortel Børve at hovudfokuset denne dagen vil bli på dei minste. Mange små er fascinerte av utrykkingskøyretøy, og denne dagen får dei sjansen til å ta politibilane i nærmare augesyn. Det blir delt ut diplom til barna, og sal av kaker, kaffi og saft.

– Vi ser vêret litt an, men aktiviteten vil i hovudsak føregå ved garasjen og parkeringsplassen utanfor, seier lensmannen, som håpar mange vil ta turen på Politiet sin dag.


Artikkeltags