Gå til sidens hovedinnhold

Båt gjekk ned utanfor Halsnøy Kloster

Artikkelen er over 3 år gammel

Ein båt gjekk ned utanfor Halnsøy Kloster nyttårsaftan. Det var ein gammal og forlaten båt, ifølgje politiet, som fekk meldinga klokka 15.35 på ettermiddagen.

Redningskøyta R/S «Sundt» prøvde å ta båten på slep, utan hell:

– Båten er halvt nedsøkkt om lag 200 meter utanfor Halsnøy Kloster, skreiv Vest poolitidistrikt på Twitter.

Dei meldte seinare at det truleg var snakk om ein lausriven småbåt, og at redningskøyta ikke hadde høve til å få med seg båten.

Kystverket har fått i oppdrag å fjerna båten.

Les også:

Ringde 112 og 113 for å få skyss

Kommentarer til denne saken