Kvinne kritisk skadd: Politiet ber om vitnehjelp

Politiet gjorde undersøkingar i Herøysund laurdag føremiddag, etter at ei kvinne blei funnen livlaus i terrenget.

Politiet gjorde undersøkingar i Herøysund laurdag føremiddag, etter at ei kvinne blei funnen livlaus i terrenget.

Ein person blei funnen livlaus i terrenget i Herøysund laurdag føremiddag. Politiet ønsker tips frå publikum som var i området frå natt til laurdag og laurdag morgon.

DEL


Vedkommande blei teken hand om av helsepersonale og flydd til Haukeland sjukehus. Politiet jobba på staden i fleire timar laurdag, mellom anna med politihundar i terrenget.

Politiet opplyser til Kvinnheringen måndag at tilstanden til kvinna, som er i slutten av 20-åra, søndag var kritisk.

Torgeir Fosse ved Kvinnherad lensmannskontor fortel at politiet ikkje mistenker noko straffbart, og at saka blir etterforska som ei undersøkingssak.

– Vi ønsker mest mogleg informasjon for å finna ut kva som er skjedd. Vi er interessert i alle moglege opplysningar frå folk som har gått eller køyrt i Herøysund-området mellom klokka 01.00 og 10 laurdag morgon. Uavhengig av om dei har høyrt eller sett noko, seier Fosse.

Han fortel vidare at politiet har gjort undersøkingar og vitneavhøyr sidan laurdag. Politiet har snakka med bebuarar i området, og kjem til å halda fram med det og vitneavhøyr måndag.

Politiet tok hand om ungdomar som laga uro

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags