Person funnen livlaus – frakta til Haukeland med helikopter

Politiet gjorde undersøkingar i Herøysundet laurdag føremiddag, etter at ein person blei funnen livlaus i terrenget. (Foto: Håvard Røyrvik).

Politiet gjorde undersøkingar i Herøysundet laurdag føremiddag, etter at ein person blei funnen livlaus i terrenget. (Foto: Håvard Røyrvik).

DEL

Ein person blei funnen livlaus i terrenget i Herøysund laurdag føremiddag. Vedkommande blei teken hand om av helsepersonale og flydd til Haukeland sjukehus, fortel operasjonssentralen til Vest politidistrikt.

Politiet har elles lite informasjon om tilstanden til personen.

Vakthavande hos operasjonssentralen fortel at det ikkje er mistanke om at det skal ha skjedd noko kriminelt, men at politiet likevel gjer undersøkingar i terrenget med politihundar.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags