Mange påkøyrte hjortar - politiet ber førarar vera obs

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Politiet får mange meldingar frå førarar som har køyrt på hjort for tida, og tysdag morgon skjedde det igjen: Klokka 07.50 blei ein hjort påkøyrt ved Ljosnes.

- Vi får nesten éi slik melding i døgnet, så det kan verka som om det er ein del tråkk for tida. Førarar må vera varsame og obs på at dei kan treffa på hjort i vegbana, seier Stig Dagfinn Tveiten ved Kvinnherad lensmannskontor.

Køyrer du på ein hjort kan du ringa 112. Då vil politiet sin operasjonssentral vidareformidla meldinga til Kvinnherad Ettersøkslag.

- Elles ser vi framleis mange gåande og syklande som ikkje bruker refleks. Det hjelper ikkje at du ser bilen, det er føraren som må sjå deg! I mørkret, og spesielt i samband med møtande bilar, blir sikta til føraren dårlegare. Då er det nesten umogleg å sjå mørkkledde personar langs vegane. Refleks er ei rimeleg forsikring, minner Tveiten om.

Artikkeltags