Gå til sidens hovedinnhold

Heldigvis gjekk det bra

Artikkelen er over 3 år gammel

Laurdag kveld fekk politiet melding om at born leika seg på den utrygge isen på Opsangervatnet på Husnes, nærare bestemt ved Kalven. Det førte til utrykking frå både politi og brannvesen. Til alt hell viste det seg at borna leika inne på trygt land.

- Vedkomande som melde frå til oss har nok sett feil i mørkret. Det er slikt som kan skje, seier politibetjent Sondre Solheim.

Han bekreftar at dei tre borna det var tale om har det heilt fint.

Kommentarer til denne saken