Innbrot hos Husnes Gull & UR

I 13-tida søndag var kriminalteknikarar frå Vest politidistrikt på plass i storsenteret. Tjuven tok seg inn ved å fjerna det trekanta vindauget til venstre oppe i bildet.

I 13-tida søndag var kriminalteknikarar frå Vest politidistrikt på plass i storsenteret. Tjuven tok seg inn ved å fjerna det trekanta vindauget til venstre oppe i bildet. Foto:

Natt til søndag vart det gjort innbrot i gullsmedbutikken i Husnes Storsenter. Politiet ønskjer tips frå publikum.

DEL
Kvinnherad lensmannskontor har sendt ut pressemelding om saka. Der blir det opplyst at politiet fekk melding om at innbrotsalarmen gjekk hos Husnes Gull & UR 01.36 natt til søndag.

«Politiet var like i nærleiken og observerte ein person som sprang frå staden i retning Kolavegen. Det blei sett i gang søk i området av fleire patruljar, og det blei søkt med politihund utan at gjerningsmannen blei funnen», blir det opplyst i pressemeldinga.

Ifølgje politiet har gjerningsmannen tatt seg inn i butikken sine lokale via taket. Området er videoovervaka og politiet har sikra materiale som vil bli gjennomgått. Det var éin gjerningsperson på staden. Gjerningspersonen gjekk opp på taket ca. to timar før han gjekk inn i butikklokalet.

– Åstaden vil blir undersøkt av politiet sine krimteknikarar søndag føremiddag, opplyser politiførstebetjent Torgeir Fosse til Kvinnheringen.

I pressemeldinga går politiet ut med denne skildringa av gjerningsmannen: Ung mann, slank kroppsbygning, svart hettegenser, blå joggebukse, svarte joggesko. Han hadde med seg ein svart sekk.

Politiet er interessert i tips som kan bidra til å oppklara saka. Dette kan vera observasjonar natt til søndag, men også tidlegare.

«Det er grunn til å tru at innbrotet var planlagt og at det har blitt rekognosert i forkant. Politiet ønskjer ikkje å seia noko om kva gjerningsmannen eventuelt fekk med seg. Tips kan ringjast inn til Kvinnherad lensmannskontor, tlf. 53483800, eller 02800.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags