Jaktar tips etter innbrot

Illustrasjonsbilde frå arkivet.

Illustrasjonsbilde frå arkivet.

Artikkelen er over 3 år gammel

Politiet på Tysnes er på jakt etter tips i samband med hytteinnbrota i Ølve sist veke.

DEL

Fredag vart det oppdaga hytteinnbrot i seks av 14 hytter i eit hyttefelt på Hamarhaug i Ølve.

– Det har nok skjedd ein gong frå måndag 13. mars til fredag morgon. Dei har brote seg inn gjennom dører og så langt er det oppdaga at det er stole alkohol, radioar, veggur og pyntegjenstandar. Alle har ikkje fått sjekka hyttene sine, så vi veit enno ikkje kor mykje som er stole, fortel Ove Ivarhus ved Tysnes lensmannskontor.

Politiet er veldig interessert i å finna ut kva som har skjedd med omsyn til trafikk i området den siste veka.

– Mellom anna er vi interesserte i opplysningar om ein mørk utanlandskregistret Volkswagen Caravelle som er observert fredag morgon i Ølve. Vi veit ikkje om den har noko med innbrotet å gjera, men er interesserte i å koma i kontakt med eigaren av bilen, der det var observert fire personar, seier Ivarhus.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags