Leiteaksjon på Husnes

Politi og leitemannskap har base ved MC-huset nær industriområdet på Stripo. (Foto: Torstein Lund Eik).

Politi og leitemannskap har base ved MC-huset nær industriområdet på Stripo. (Foto: Torstein Lund Eik).

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Torsdag kveld og fredag ettermiddag blei det sett i gang leiteaksjon etter ei kvinne på nærmare 30 år, som vart meldt sakna av familien sin ved 21.45-tida torsdag kveld.

Leiteaksjonen starta i 23.30-tida, og var konsentrert til området rundt Onarheimslia på Husnes.

I leiteaksjonen natt til fredag var det med to politihundar og ein søkshund frå Norske redningshundar. Kvinnherad Røde Kors Hjelpekorps har delteke i aksjonen, i tillegg til Røde Kors-mannskap mellom anna frå Bømlo og Kvam.

Fungerande lensmann Stig Dagfinn Tveiten sa at om nokon hadde observert noko som kan vera viktig for politiet så var det viktig å melda frå.

Den sakna kvinna var ikkje frå Kvinnherad.

OPPDATERT: Rett før klokka 12 fredag blei ho funnen, kald og sliten, men i relativt god form.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags