Fosse seier opp stillinga ved Kvinnherad lensmannskontor

Jan Fosse kjem ikkje tilbake som lensmann i Kvinnherad. (Arkivfoto).

Jan Fosse kjem ikkje tilbake som lensmann i Kvinnherad. (Arkivfoto). Foto:

Jan Fosse kjem ikkje tilbake til Kvinnherad lensmannskontor, skriv han i ei pressemelding måndag.

DEL

– Eg har hatt permisjon frå stillinga mi som lensmann i Kvinnherad for å gå inn i stillinga som politiinspektør og leiar for geografisk driftseining Hordaland . Etter nærare 20 år som lensmann i Kvinnherad utanom eitt og eit halvt år som namsfogd i Bergen, har eg no sagt opp stillinga mi i Kvinnherad og fortset som leiar i GDE Hordaland. Kvinnherad lensmannskontor har vore ein flott arbeidsplass i desse åra, men det var på tide med litt endring. Kvinnherad har fått ein svært god lensmann som min etterfølgjar i Sigurd Børve, som òg har vore min nærmaste medarbeider i desse 20 åra, skriv Fosse i pressemeldinga.

Vest politidistrikt er delt opp i 3 geografiske einingar, Bergen, Sotra , Askøy og Øygarden, Sogn og Fjordane og Hordaland. Det er sistnemnde eining Jan Fosse no skal fortsetja å leia.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags