Arrestert for seksuelle handlingar

Illustrasjonsbilde frå arkivet.

Illustrasjonsbilde frå arkivet.

Artikkelen er over 3 år gammel

Ein mann har sete ei veke i varetekt etter å ha blitt meldt for seksuelle handlingar mot ein person utan samtykke.

DEL

Stig Dagfinn Tveiten ved Kvinnherad lensmannskontor fortel at mannen, som er i 60-åra og frå Kvinnherad, vart arrestert sist fredag. Han er meldt i eit anna politidistrikt, for forsøk på seksuelle handlingar mot ein vaksen person, utan samtykke frå den andre personen.

Kvinnherad lensmannskontor etterforskar saka, men vil ikkje seia noko om kor dette skal ha skjedd. Vedkommande har sete i varetekt i ei veke, og vart lauslaten i dag.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags