Tatt for data-hacking

Illustrasjonsbilde frå arkivet.

Illustrasjonsbilde frå arkivet.

Artikkelen er over 3 år gammel

Ein kvinnhering i 20-åra blei førre veke arrestert for å ulovleg data-hacking.

DEL

Politiet arresterte mannen tysdag førre veke, og beslagla datautstyr hos vedkommande. Mannen er sikta for brot på paragraf 145, andre ledd, i straffelova, som handlar om å ulovleg bryta seg inn og få tilgang til andre sine personlege og beskytta dataopplysningar, via ein programvare som er designa for slik bruk. Mannen erkjente forholda, og blei lauslate etter avhøyr.

Etterforskinga i Kvinnherad er i startfasen, og politiet samarbeidar med Kripos. Det er for tidleg å seia noko om omfang og kor lenge dette har pågått, men det beslaglagte datautsyret skal sendast inn til dataekspertar, seier politiførstebetjent Stig Dagfinn Tveiten til Kvinnheringen.

Fleire personar er pågripne i resten av landet, som ein del av den Europol-initierte aksjonen «OP Falling Star», som rettar seg mot datakriminelle i europeiske land, skriv Bergens Tidende.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags