Måtte ha hjelp ned frå fjellet

Illustrasjonsbilde frå arkivet.

Illustrasjonsbilde frå arkivet.

Artikkelen er over 4 år gammel

Politiet sette i gang ein leiteaksjon onsdag kveld, etter at tre personar hadde gått seg vekk i fjellet.

DEL

Politiet fekk melding rett før klokka 20, frå tre arbeidarar frå eit kraftselskap som hadde gått seg vill i området mellom Nesjastølsvatnet og Sandavatnet, i nærleiken av Fjellhaugen. Dei tre personane var godt kledde og hadde lykter, men fann ikkje igjen stien i mørket, og var ikkje kledde for å overnatta ute. Ein politipatrulje drog derfor opp og begynte å gå mot Nesjastølen for å prøva å finna dei tre. Politiet fekk kontakt med dei rundt klokka 22, og fekk tatt dei med seg ned til vegen, i god behald. Leiteaksjonen blei avslutta klokka 01 natt til torsdag.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags