Meldt for narkobruk

(Illustrasjonsbilde frå arkivet).

(Illustrasjonsbilde frå arkivet).

Artikkelen er over 4 år gammel

Politipatruljen kom over ein rusa mann i Uskedalen fredag kveld.

DEL

Vedkommande er kjent for politiet frå tidlegare forhold, og blei arrestert på grunn av mistanke om narkotikarus. Personen blei teke med av politiet, og avga positiv prøve. Vedkommande vil bli meldt for ulovleg bruk av narkotika.

Natt til søndag måtte politiet roa ned ein fest på Valen. Politiet fekk melding om festbråk, og at det hadde dukka opp alt for mykje folk som ikkje var inviterte. Nokre av gjestene oppførte seg også truande. Flesteparten forsvann før politiet kom til staden, men ein av personane fekk seinare ei åtvaring frå politiet etter måten han hadde opptredd på.

Politiet hadde også promillekontroll på Valen laurdag kveld. 60 førarar blei kontrollerte, og ingen av dei hadde promille.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags