Gå til sidens hovedinnhold

Teke for narko og tjuveri

Artikkelen er over 5 år gammel

Ein uvedkommande mann tok seg inn i ein bustad på Husnes onsdag morgon.

Politiet rykte ut til adressa og arresterte mannen, som hadde teke tilhald i huset, og også var i ferd med å stela ting. Mannen blei teken med til lensmannskontoret, og politiet beslagla narkotika han hadde på seg og tjuvgods frå huset. Mannen sat i arrest fram til han blei avhøyrt seinare på dagen, då erkjente han tjuveriet og bruk og oppbevaring av narkotika. Mannen var av utanlandsk opprinnelse, og bur ikkje i Kvinnherad.  Han blei seinare lauslate og sendt ut av kommunen.

Kommentarer til denne saken