Politiet jaktar på innbrotstjuvar i Ølve

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Fredag kveld i 19-tida fekk politiet melding om at innbrotstjuvar var på ferde i hyttefeltet på Hamarhaug i Ølve. Fusa/Tysnes-patruljen rykte ut til staden, og litt seinare kunne politiet melda om innbrot i fem hytter i same feltet.

- Politiet er framleis på staden på jakt etter brytespor og gjerningsmenn, seier vaktsentralen hos politiet sin operasjonssentral i Bergen litt før klokka 22 fredag kveld.

Artikkeltags