Tjuvar framleis på frifot etter seks innbrot i Ølve

Illustrasjonsfoto

Illustrasjonsfoto

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Fredag kveld fekk politiet melding om fleire innbrot i hyttefeltet på Hamarhaug i Ølve. Fusa/Tysnes-patruljen rykte ut og kan no stadfesta at seks hytter har hatt ubedne gjester på besøk. Gjerningspersonane er ikkje spora opp, og politiet ber om tips frå publikum.

- Dersom nokon har sett mistenkelege personar, mistenkeleg oppførsel eller ukjende varebilar i området, er vi interesserte i å bli tipsa, oppmodar Hans Eirik Thue ved politiet sin operasjonssentral i Bergen.

Han fortel også at situasjonen framleis er uoversiktleg med tanke på stolne gjenstandar og omfanget av skadeverket. Politiet har laurdag ettermiddag heller ikkje lykkast med å få kontakt med alle hytteeigarane.

Artikkeltags