Gå til sidens hovedinnhold

Parkeringskaos på Sunde-kaien

Artikkelen er over 5 år gammel

Folk som parkerer nett som dei vil på Sunde ferjekai, skapar problem for andre trafikantar.

Spesielt er det eit problem for Tide-bussane som skal manøvrera seg rundt på kaien, og sleppa av og på passasjerar.

– Dette er eit tilbakevendande problem. Vi har fått meldingar om at folk parkerer nedanfor skiltbommen, ut mot sjøen, og at nokon parkerer ved venterommet. Ein kan ikkje berre setja frå seg bilen på den måten og håpa at det går bra, ein må parkera på oppmerka plasser, og ikkje hindra anna trafikk. Ser vi nokon synda gjentakande gonger blir vi nøydde til å bestilla tauebil for eigar si rekning, men vi håpar å unngå det i det lengste, åtvarer lensmann Jan L. Fosse.

Kommentarer til denne saken