Når sjekka du passet sist?

Illustrasjonsbilde frå arkivet.

Illustrasjonsbilde frå arkivet.

Artikkelen er over 3 år gammel

Politiet merkar pågangen frå folk som vil ha nye pass, og ber folk vera ute i god tid.

DEL

Lensmann Jan L. Fosse seier at politiet skriv ut alt for mange naudpass om dagen, og at folk må vera klar over at ein må ha ein god grunn for å få skrive ut slike.

– Anbefalinga vår er at folk sjekkar passa til alle i familien før dei bestiller reise, viss ikkje kan dei få problem. Passprodusentane kan ikkje garantera at ein får det nye passet før etter 10 verkedagar pluss postgang, som kan bety at folk må venta 14 dagar frå dei møter hos oss på lensmannskontoret.

Fosse seier det også kan vera lurt å ha passet i orden sjølv om ein berre skal reisa innanfor Norden, fordi det mange stader er utvida grensekontroll innanfor Schengen-området.

Ein treng ikkje bestilla time på førehand for å få nytt pass, men ein må møta på lensmannskontoret i opningstida, og ha med seg det gamle passet sjølv om det er gått ut. Barn under 18 år som skal ha nytt pass må ha med minst èin forelder, og i tillegg samtykke og identifikasjon frå forelderen som eventuelt ikkje er med. Foreldre som skal ha pass til barn under tre år bør ha med passbilde av barnet som er teke hos fotograf, fordi passmaskinane hos politiet ikkje kan ta passbilde av så små barn.

– Er folk i tvil om kva dei må ha med er det berre til å ringa oss for å få detaljar, avsluttar lensmannen.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags