Fredag ettermiddag fekk politiet melding om ein sakna person som hadde gått til fjells i Omvikdalen, berre kledd for ein kort tur. Då vedkommande brukte lenger tid enn tenkt, blei politiet kontakta. Politiet varsla Hovudredningssentralen og Kvinnherad Røde Kors Hjelpekorps, som gjorde seg klare til å gå ut i terrenget for å leita. Men heldigvis kom turgåaren tilbake i god form før leiteaksjonen blei sett i gang.
Unngjekk leiteaksjon
Artikkelen er over 5 år gammel
Då ein turgåar ikkje kom tilbake til planlagt tid blei politiet varsla. Heldigvis kom vedkommande til rette før leiteaksjon blei sett i gang.
Kommentarer til denne saken