Brukte droner for å søkja etter den sakna amerikanaren

Mannen til venstre er framleis sakna, og blei sist observert i Rosendal, etter det politiet kjenner til.

Mannen til venstre er framleis sakna, og blei sist observert i Rosendal, etter det politiet kjenner til.

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Den amerikanske turisten Marvin Lee Judy Jr., også kalla Mark, er framleis ikkje komen til rette, og politiet i Kvinnherad går no ut frå at mannen dei leitar etter er omkomen. Dei jobbar framleis ut frå teorien om at han har gått tur i Rosendalsområdet, og fredag ettermiddag blei det brukt droner frå Kystvakta og frå ein privatperson i søket etter mannen. No skal politiet gå gjennom dronebilda før det blir vurdert om ein skal gjera bakkesøk. Politiet har fått tilbakemelding frå turgåarar som har sjekka turbøker, men så langt har ingen funne namnet til amerikanaren skrive ned nokon plass. Politiet er framleis interessert i tips frå nokon som kan ha sett eller snakka med amerikanaren. Han er 1,80 høg, har gråbrunt hår, og blå auge.

Artikkeltags