Politiet åtvarar: – Det er fleire farlege område i Kvinnherad

Slik såg det ut etter at eit turfølgje tidlegare i mars var meter frå å bli tatt av skred i Omvikdalen. No ber politiet folk ta forholdsreglar i påsken.

Slik såg det ut etter at eit turfølgje tidlegare i mars var meter frå å bli tatt av skred i Omvikdalen. No ber politiet folk ta forholdsreglar i påsken.

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Tirsdag fekk politiet i Kvinnherad melding om skigåarar som var på veg inn i eit farleg skredområde ovanfor tregrensa i Uskedalen, i retning Englafjell. Turfølgjet valde til slutt å snu.

Lensmann Sigurd Børve ber folk tenka seg om når dei legg ut på tur i Kvinnherad-fjella i påsken:

– Det er veldig viktig at folk som går i fjellet, som ønsker å køyra alpint, tar hensyn til at det er skredfare. Vi har hatt fleire omgangar med snø og mykje vind. Forholda endrar seg frå dag til dag, og snøen flyttar seg. Det kan vera farleg, seier Børve, og held fram:

– Høyr på råd som er gitt. Det kan vera farleg å bevega seg på stadar der snøen har lege i leområde. Det er meldt om flott vêr i påska. Vi ber derfor om at folk er forsiktige. Det er mange område i Kvinnherad med ganske høg skredfare, seier lensmannen.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags