Frifunnen for bildrap

Frå retten si synfaring på ulukkesstaden onsdag 23. august. (Arkivfoto).

Frå retten si synfaring på ulukkesstaden onsdag 23. august. (Arkivfoto).

Artikkelen er over 1 år gammel

20-åringen som var tiltala for aktlaust bildrap vart onsdag frifunnen i Sunnhordland tingrett.

DEL

Den tragiske ulukka skjedde i Sandvikjo på Halsnøy 12. desember 2015. Rettsaka var oppe i retten førre veke – onsdag ettermiddag denne veka vart dommen gjort kjend.

I dommen peikar retten på at den avgjerande årsaka til ulukka var at mopedføraren ikkje gav teikn til at han skulle svinga til venstre. Når det gjeld farten bilen hadde, fann retten at ein ut frå bevisa kunne leggja til grunn at den var rundt 80 km/t. Etter rettens skjønn var det ikkje mogeleg å seia noko sikkert om at farten var høgare enn dette.

«Det forhold at tiltalte kjørte i 80 km/t i 60-sonen er i seg selv ikke et forhold som gjør at tiltalte opptrådte uforsvarlig, og etter rettens skjønn hadde fartsoverskridelsen ikke avgjørende betydning for hendelsesforløpet», heiter det mellom anna i dommen. Det blir òg peika på at den som kryssar eit køyrefelt, har vikeplikt for trafikken i dette.

Retten fann at bilføraren skal straffast for moderat fartsoverskriding, og at reaksjonen for dette normalt er ei bot. Men retten fann at det i denne saka låg føre særskilte grunnar for fråfall av straff:

«Retten legger vekt på de konsekvenser saken har hatt for tiltalte og den belastning det har vært for ham å vente på en avgjørelse i saken i et år og åtte måneder».

Med omsyn til oppreisingskravet, fann ikkje retten det sannsynleggjort at 20-åringen handla forsettleg eller grovt aktlaust i samband med ulukka og det tragiske utfallet den fekk. Dermed vart tiltalte frifunnen for kravet om oppreising.

Bistandsadvokat Karl Anders Horneland uttalar til avisa Sunnhordland at familien til avdøde er svært frustrerte.

– Dei hadde ikkje eit mål om at tiltalte skulle få høg straff, men ein dom som var rett i forhold til kva om hadde skjedd. Dei er ikkje samde i konklusjonen i dommen, seier Horneland til Sunnhordland.

Partane i saka har to veker på seg til å vurdera anke.

Artikkeltags