Dobbeltsjekk om bilen er låst

Illustrasjonsbilde frå arkivet.

Illustrasjonsbilde frå arkivet.

Artikkelen er over 3 år gammel

Politiet har fått meldingar som kan tyda på såkalla billås-jamming ved Coop på Husnes.

DEL

– Vi er ikkje sikre på om det er tale om slik jamming, men vi har fått fleire meldingar frå folk i dette området som trur dei har låst bilen, men så har opplevd at den er open, fortel lensmann Jan L. Fosse.

Einskilde mobile vinningskriminelle brukar radiosendarar for å forstyrra frekvensane som er i bruk når ein låser bilen med fjernstyring. Då kan ein oppleva at bilen blir låst opp like etter at ein har trykt på låseknappen.

– Som sagt så er vi ikkje sikre på om det er tale om slik jamming, men vi vil likevel be folk om å vera på vakt. Dobbeltsjekk at bilen verkeleg er låst ved å prøva å opna ei dør. Vent gjerne litt før du går frå bilen, oppmodar Fosse.

Førebels har ikkje lensmannskontoret fått meldingar om at det er stole saker og ting frå bilar på Husnes.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken