Avskilta bilar

(Illustrasjonsfoto).

(Illustrasjonsfoto).

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

184 køyretøy passerte skiltscannaren på Seimsfoss onsdag, og av desse vart 22 stoppa for nærare kontroll. Av desse vart to køyretøy avskilta på staden, opplyser Stein Gunnar Vintertun i Statens vegvesen.

Ein lastebil hadde for stort overheng bak og måtte ordna det før han fekk køyra vidare.

– Elles vart det delt ut eitt gebyr for lite mønsterdjupne i dekk, eitt for ikkje å ha med førarkort og eitt for manglande bruk av bilbelte, melder Vintertun.

Statens vegvesen vil samtidig rosa alle barna som tok buss til skulen. To bussar vart stoppa og bruk av belte vart kontrollert på alle passasjerane, noko som er veldig bra.

Les også: Held politiøving fredag

Artikkeltags