Reagerte på føraren si køyring og varsla politiet

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Kvinnherad lensmannskontor fekk tysdag kveld melding frå ein person som reagerte på køyringa til ein annan førar i Uskedalen.

Politiet rykte ut og kom i kontakt med bilisten, som ikkje kjende seg igjen i det meldar varsla om.

– Dette er slikt vi får melding om frå tid til annan. Det handlar om å vera til stades når ein er ute og køyrer, og ikkje driva med andre ting enn det ein skal. Det er mange mindre forstyrringar som påverkar køyreåtferda, seier politiførstebetjent Torgeir Fosse til Kvinnheringen.

Politiet: – Køyr forsiktig, på enkelte stadar kan det vera svært glatt

Artikkeltags