Påminning frå politiet: – Det kan vera svært irriterande for møtande bilistar

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Kvinnherad lensmannskontor får i desse dagar tilbakemeldingar frå køyrande som irriterer seg over møtande bilistar som ikkje slår av tåkelyset.

– Kurve-, eller tåkelys som det heiter, skal ikkje stå på så lenge det ikkje er nødvendig. Dette får vi ein del tilbakemeldingar på no i mørketida. Lyset skal ein bruka anten ved mykje tåke eller dersom det er store nødbørsmengder som gjer sikta dårleg. Det kan vera veldig plagsamt og irriterande for møtande bilistar, seier Stig Dagfinn Tveiten ved Kvinnherad lensmannskontor, som òg minnar om at ein kan bli bøtelagt dersom ein brukar lyset når det ikkje er nødvendig.

Samtidig ønsker han også å minna folk om å bruka refleks no i juletida.

Les også: Tilløp til brann i Uskedalen

Artikkeltags