Gå til sidens hovedinnhold

Bil mista hengar

Artikkelen er over 4 år gammel

Ein tilhengar losna frå ein bil på Valen måndag føremiddag og hamna rett i autovernet.

Politiet fekk melding om uhellet og rykte ut til staden. Bilen som hadde tilhengaren på hadde eit avtagbart hengarfeste, og politiet har no kalla bilen inn til vegvesenet for kontroll.

– Det er utruleg viktig at tilhengarar blir festa skikkeleg. Fell ein tilhengar av er det store krefter i sving, og det kan vera livsfarleg om den treff menneske eller bilar, seier politibetjent Torgeir Fosse.

Kommentarer til denne saken