Gå til sidens hovedinnhold

Namnet på den 19 år gamle bilføraren er frigitt

Artikkelen er over 2 år gammel

Politiet meldte måndag at det var 19 år gamle Jan Einar Joleik Risa som var involvert i den tragiske bilulukka på Halsnøy søndag morgon. Måndag døydde han av skadane han pådrog seg. Politiet frigir namnet hans i samråd med familien.

Ulukka skjedde like etter klokka 05.30 søndag morgon, på Sæbøvikvegen i nærleiken av Eid kyrkje. 19-åringen var åleine i bilen då han køyrde inn i eit tre. Folk i nærleiken kom kjapt til staden, og varsla naudetatane. Føraren sat fastklemt i bilen, og etter at naudetatane fekk han laus blei det jobba med å stabilisera han før han vart flydd til Haukeland universitetssjukehus med luftambulanse. Måndag morgon døydde 19-åringen på Haukeland Universitetssjukehus.

Kommentarer til denne saken